No er det nesten ein månad sidan eg har blogga, og jaggu har ikkje wordpress endra seg litt. Eg gidd ikkje skrive meir om det.

Eg tenkte eg skulle skrive om all mat og drikke eg ikkje likar. Det er overraskande mykje. Eg likar ikkje surt og salt godteri. Cola, pepsi, sprite er ekkelt. Einaste brus eg likar er solo og mozell. Eg taklar ikkje eplejuice. Ikkje tropisk nektar heller. Eg et ikkje epler, for då byrjar eg å klø i kjeften. Eg et helst kjøt til middag. Eg taklar ikkje sylteagurk. Sjølv om agurk nesten berre inneheld vatn, syns eg ikkje det er noko godt. Pære er forferdeleg, heilt fuckings for jævleg. Eg et ikkje nokon form for nøtter. Tomat, løk og mais er faenskap i mine augo.

Eg ser forresten lite film. Eg les ikkje så mange bøker. Eg ser masse på tv då. Og eg les aviser, og blader. Når eg fyrst tek bilete tek eg av vener og familie. Eg likar musikk, men biblioteket mitt er ikkje så utruleg stort. Eg har óg lite klede til å vera jente. Eg er ei keisam og irriterande person som har lite å gjere på, med andre ord. No skal eg forsetje med å ta på neglelakk og høyre på radio.

Spør meg heller ikkje kvifor eg legg ut sånne bilete av meg på verdsveven.