Berre litt.

Torsdag tjuefemte august totusenogelleve klokka fjorten null ein. Eg sit i senga, i frivillig-tskjorta mi frå Øyafestivalen og ein sleten shorts. På skjermen surrar Baywatch. Genialt program.Til middag idag skal eg lage taco. Dette er sånn keisam informasjon som eg mislikar, men eg tenkte dykk ville vera oppdaterte på livet mitt.

Eg har akkurat starta på VG1. Som attenåring. Eg går i klasse med dei som er to år yngre, og kvar jævla dag får eg sympatiblikk frå dei som er lika gamle som meg på skulen. Eg har funnet ut at det beste er å oversjå dei. Då har dei ihvertfall noko å prate om. Men eg har fått ny pc, då. Den er veldig fin. Så no har eg to fine HP liggjande i senga. Eg har óg starta med jogging, har begynt på eit slekeins program som eg fann. Kan gå bra, eller det kan gå sånn som eg trur. Til helvete. Vonar det går rette vegen, og at kneet mitt blir bra. Eg var til legen her om dagen, fekk han til å bestille time for epilepsien og for kneet. Eg skal bli frisk no.

Eg trur eg er i ferd med å bli forelska, eg er redd. Men det går sikkert bra. Og eg skal kanskje få meg jobb, må berre sjå an skulen fyrst. Men no kan eg fortelje litt om Øyafestivalen.

Det heile starta vel måndag, trur eg. Måndag åttende august. Då tok eg tog til Oslo. Så tok eg trikken til Majorstuen. Der vart eg henta av Heidi (@heidiy). Ho viste meg sofaen eg skulle bu på den neste veka. Så sov eg godt og lenge og sånn. Så hooka eg opp med verdas finaste brevvenn. Herregud ho er så fantastisk. Me blei sitjande å lura på kvifor me ikkje hadde truffet kvarandre før. Så byrja festivalen, og det var heilt fantastisk. Eg drakk masse vin, eg jobba litt, eg åt masse sjokolade, drakk litt øl, var litt kald, åt is, var på fotballpuben rett utanfor parken for å sjå Liverpool spela kamp. Eg blei gjenkjent av folk på twitter. Eg måtte introdusera meg som Halvfull. Eg kom ikkje inn på utestadar. Eg møtte folk eg visste kven var sitjande på ei trapp utanfor ei blokk. Eg gjekk dritings rundt på Majorstua og leitte etter blokka til Heidi. Eg såg mange kjendisar og artistar. Eg spurte Freddy Dos Santos kven som scora i Odd-kampen. Eg stod framføre Terje i Kaizers under ein konsert. Eg sat vedsiden av Kong Halvor og Linnéa, og havna på bloggen til Linnéa fordi dei tok bilete og eg sat på ein benk vedsiden av. Eg ringte til verdas beste Hanne under Kaizers, fordi eg er så glad i ho at det gjer vondt at ho ikkje bur her. Eg ringte til far min når eg og Fredrikke(brevvenninna) gjekk rundt i Oslo. Kun for å fortelje at eg ville flytte til Oslo for å bu med Fredrikke. Alt i alt var festivalen konge. Kanye West var så sinnsjukt kult. Kaizers Orchestra var fantastisk, og litt skummelt å høyre nye songar. Kvelertak var fett. Veronica Maggio var litt skuffande. Men ho er søt. Det var så vakkert å høyre Maria Mena, ho er og forblir kjempeflink. Mari Boine er evig kul. Sharon Stone & the Dap Kings var så utruleg awesome.

Etter Øya, på sundagen, reiste eg rett til Elverum for å tilbringe eit par dagar med søtaste Martine, gamle romkameraten min på folkehøgskulen. Me var på skogmuseum, det var jævla rått. Og me såg Jeg reiser alene. Martine er fantastisk. Eg saknar ho. Etter det tok eg tog heim, og dagen etter starta eg på skulen igjen. No skal me sjå om eg har eit par bilete frå den siste månaden. Eller sumaren generelt. Det vert kun mobilbilete, i og med at det er kun den eg har brukt i sumar.

Ok, nok no.

Advertisements

Døden skal tape.

Dette innlegget skreiv eg på mandag 25.juli 2011. Tre dagar etter terrorhandlingane.

Alle veit kva som skjedde på fredag, så eg vil ikkje skrive det. Alle veit kven det var, eg vil ikkje sei namnet hans og gje han meir tid i rampelyset. Men eg må framleis skrive mine tankar rundt det heile. For eg er ei av dei heldige, som ikkje er berørt. Direkte berørt. Alle som ikkje har latt/lar dette gå inn på seg, har (i fylgje mi meining) eit feil forhold til landet sitt. Eg kan fortelje min «del» av hendinga, korleis eg opplevde alt.

Eg stod opp klokka ti den fredags morgonen. Far min vekte meg, sa at me skulle på IKEA. Eg stelte meg, åt og sat meg i bilen. Me turan til Biltema fyrst, så IKEA. Åt middag før heimreisen starta. Eg sov i bilen på veg heim, og far min slukka motoren halv fem. Han vekte meg og sa: det har vore utløyst ei bomba i Oslo. Så gjekk han inn. Eg sat att i bilen og rista på hovudet og tenkte at no har far min kome med ein særs dårleg spøk. Eg gjekk inn, opp på rommet og slo på tven. Det var overalt. Det har vore utløyst ei bomba i Regjeringskvartalet i Oslo halv fire. Eg blei berre sitjande og stirre. Eg fylgte stort sett med på alt som skjedde på Twitter. Nettaviser vart for ustabilt, og alt gjekk altfor treigt på tv. På Twitter skjedde alt tre hovud før. Me var dei fyrste som fekk veta om skytinga. Ein av AUF-medlemane, Kjetil Vevle,  hadde skrevet før på dagen:

kjetilvevle Kjetil Vevle

Gro taler på #Utoya Dagen kunne ikke vært bedre.yfrog.com/ke2rjefj
– Det skreiv han nokre timar før skytinga begynte.
kjetilvevle Kjetil Vevle
I dei neste oppdateringane stod det, «Er i godt behold. Avventer situasjonen. Nye skudd n» og
«Har det bra, kom meg bort fra øya til slutt. Nå håper jeg at jeg finner alle kjente.» Det tok lang tid før den siste der kom, så eg var bekymra ei stund. Men alt gjekk heldigvis bra med han! Så kom meldinga inn om at to andre på Twitter var sakna. Då kom nervane litt. Dei er enno ikkje blitt bekrefta omkommet, men Kvil i fred-meldingane på både Facebook og Twitter lar seg ikkje vente på.
Eg hugsa at eg tenkte: «Men helvete, Noreg skal jo liksom vera det beste landet å bu i! Ka faen skal me gjere no då? Om me ikkje kan vera trygge i vårt eiga land?» Men ABB har jo berre bevist at me er eit land som kan stå sammen, og vil stå sammen. Og som står sammen som aldri før. Han tok altfor, altfor mange liv. Men han har tapt. Han fekk ut manifestet sitt, han fekk vist alle bileta han hadde liggjande klare for heile verdas befolkning å sjå. Frykten for at mange sinnsjuke idiotar der ute har lasta ned manifestet(akkurat som eg har gjort) er der. Eg er litt redd for at ABB når ut til dei sjuke jævlane som han vil. Vri om hovudet deira, tankegangen.