Om dykk skulle lure:

1. kor gamal er du om fem år?
nesten 24 år.

2. kven var du minst to timar rundt i dag?
Hanne og Vårin blant anna.

3. kor lang er du?
kjempelang.

4. kva var den forrige filmen du såg?
It´s complicated.

5. kven ringte du sist?
ringte Vårin for å sei at det var kvelds.

6. kven ringte deg sist?
Hanne.

7. kva stod på den forrige sms’en du fekk?
ein evig lang ein frå Slottsfjell.

8. føretrekk du å ringa eller senda sms?
SMS utan tvil. Hatar å ringa.

9. er dine foreldre gifte eller skilte?
skilt

10. når såg du mamman din sist?
på torsdag, trur eg det var.

11. kva farge har du på augene?
fine og grøne

12. når våkna du i dag?
rundt halv tolv

13. kva er din favorittjulesang?
Himmel på jord – Kurt Nilsen og Kringkastingsorkestret.

14. kva er din favorittplass?
på altanen heima under anten sola eller den styrste stjernehimmelen nokon gong

15. kva plass likar du minst?

16. kvar trur du at du er om ti år?
om ti år er eg nesten 29 år, og då håpar eg at eg er utdanna og sånn med kjærast og bur i ein fin leilegheit i ein eller annan søt by.

17. kva skremte deg mest om natta som liten?
eg hugsar då for faen ikkje barndomen min.

18. kva fekk deg til å le hardt seinast?
under kveldsmaten i går med søte jenter frå folkehøgskulen der me lo av hendingar på fjorårstreffet.

19. kor stor er senga di?
akkurat stor nok til meg vassrett og loddrett. nesten ihvertfall.

20. har du stasjonær eller bærbar datamaskin?
eg har ein hp skulepc og ein hp privat.

21. søv du med eller utan klede?
utan.

22. kor mange puter søv du med i senga?
eit par store og nokre små trur eg det er.

23. kor mange land har du budd i?
éitt.

24. kvar har du budd?
Øystese.

25. likar du sko, sokkar eller berrføtt?
sko og sokkar kvar dag, unntatt om sumaren der eg går barføtt.

26. er du sosial?
nei.

27. kva er din favorittis?
vanilje med masse sjokolade. eller berre sjokolade.

28. kva er din favorittdessert?
sjokoladepudding med vaniljesaus

29. likar du kinamat?
nei.

30. likar du kaffe?
nei, fy faen.

31. kva drikk du til frukost?
mjølk eller appelsinjuice

32. søv du på nokon spesiell måte?
i skjei med min kjære, eller trykt ned i madrassa åleina.

33. kan du spela poker?
ikkje faen.

34. likar du å kosa?
eigentleg ikkje.

35. er du eit avhengighetsmenneske?
mine nære vil nok seia ja, men nei.

36. kjenner du nokon med samme bursdag som deg?
ja, det er meg og svigermor det.

37. vil du ha born?
ja, det trur eg. kanskje.

38. kan du nokon andre språk enn norsk?
engelsk, og pittelitt spansk om eg legg godviljen til.

39. har du nokon gong vore i ein ambulanse?
ja. etter altanen er det min favorittplass å vera. både i bil og i helikopter. elskar det sjukt.

40. føretrekk du havet eller eit basseng?
hav og hav. badar helst i fjord.

41. kva brukar du helst pengar på?
alkohol og konsertar.

42. eig du dyre smykker?
nei.

43. kva er ditt favorittprogram på tv?
oi. eg er såpeserie-jenta, så eg ser på hotel cæsar. og home and away, criminal minds, modern family, black books var gøy så lenge det varte, peep show, frustrerte fruer, my family, the big bang theory.

44. kan du rulla med tunga?
lett.

45. kven er den morsommaste personen du kjenner?
kanskje min kjære, han har sine augonblikk liksom.

46. søv du med kosedyr?
nei.

47. kva har du som ringelyd?
den som kom på automatisk på htcen min då eg kjøpte den. bryr meg ikkje.

48. har du klesplagg frå du var liten?
har ikkje peiling på kva som ligg på boden. men sikkert ikkje.

49. kva har du nærast deg no som er raudt?
sit på eit knall raudt laken i senga til Hanne.

50. flørtar du mykje?
kanskje litt for lite.

51. kan du bytta olje på bilen?
nei.

52. har du fått ei fartsbot nokon gong?
nei, har ikkje lappen. men eg har sete på.

53. kva var den forrige boka du leste?
held på med Liverpoolhjerter.

54. leser du avisa?
dei fleste nettaviser og lokalavisa.

55. abonnerer du på noko magasin?
nei, har ikkje råd.

56. dansar du i bilen?
nei.

57. kva for radiostasjon høyrte du på seinast?
p3

58. kva var det siste du skreiv ned på eit papir?
det hugsar eg ikkje. men det minte meg på at eg må skrive brev til brevvenninna mi.

59. når var du i kyrkja sist?
begravelse til naboen min for eit par månadar sidan.

60. er du lykkelig?
det trur eg.