sveltestreikande

Blogg om livet, sa http://www.helenaskaare.blogg.no.

Livet. Mitt liv. Det eg gjer om dagane. Kva eg syntes om livet. Kva eg tenkjer. Det eg følar. Faen. De kan få veta overfladiske ting som at eg har starta å trena. Eg har fått litt musklar, men er framleis svak som eit helvete. Ting som at skulen er snart ferdig. Det er det einaste overfladiske eg har å kome med. Skal eg grave djupare og dela mine djupaste tankar, vert det for dumt. Ingen vil veta kor dårleg kjærast eg er. Kor dårleg eg er til å vera i eit forhold. Til å forhalda meg til andre personar. Til éin spesiell person. Eg kunne fortalt om kor dårleg samvit eg har heila tida. Heila forbanna tida. For omtrent alt eg gjer og seier. Faen, skulle ynskje eg var eit sånt menneske som ikkje gjorde ting elle sa ting som eg får dårleg samvit for. Jævla dritt.

Men hallo, eg kan jo fortella om kor fine og fantastiske vener eg har. Sjølv om fleire av mine beste vener er russ dei neste vekene, noko som vil seia at eg blir sitjande å sjå på at dei har det moro og kosar seg gløgg i hjel. Det blir ganske surt. Eg er fattig i tillegg, så den piercingen som eg hadde planar om å ta, blir nok lagt på hylla. Einaste eg gjer er å trena. Å, det er så kjekt. Elskar det. Det er ikkje mykje eller mange eg elskar, men trening er min store kjærleik. Verkeleg.

Men no legg eg meg. I morgon tidleg skal eg fiske med syster mi, så skal eg trena. Forresten, søt jenta som er redd ein hund. (bilete: helena skåre)