Eg har vondt i hovudet. Eg har vondt i kneet. Eg har epilepsi. Eg har vondt i hjarta om eg får feil medisin. Eg går på masse piller. Mange fungerar ikkje som eg vil. Eg klagar mykje, men det hadde dei aller fleste gjort. Tenk å ha ein fin dag då.

Eg hadde betalt mykje for eit par timar utan hovudverk. Å ha ei treningsøkt utan at eg sit og grin fordi hovudet dunkar så hardt. Eg hadde gjort mykje for å få epilepsi-medisin som virkar som den skal. At den skal la meg gå på fjelltur utan rykningar i beina. Lar meg pusla utan at bitane flyr vegg i mellom.

Advertisements