Vaksne tankar.

Som sekstenåring hadde eg ikkje mange bekymringar. Eg hadde ikkje tankar som kverna rundt i hovudet dagen lang. Eg tenkte helst på at eg håpte eg slapp på sjukehus att og korleis eg skulle få tak i pengar til øl. Dét var det liksom. Greitt nok, den tanken om sjukehuset ligg framleis og murrar, men det trur eg den alltid kjem til å gjera. Men øl-kjøleskapet er fullt.

No er det vaksne bekymringar. Eller eg føler meg ikkje så vaksen når eg tenkjer på dei, men eg slapp dei ihvertfall då eg var seksten. Eg kan ikkje hugsa at eg var blant dei som berre ikkje kunne venta med å bli ferdig på skulen og koma seg vekk frå bygda. Bli vaksen og få seg utdanning og jobb. Altså, det har jo vore draumen. Men eg trur ikkje eg var blant dei som hadde dette som største ønske. Men, igjen, eg hugsar ikkje kva eg ville då eg var i tenårene mine. Ikkje at eg er så gamal at eg har blitt gløymsk, eg hugsar berre ikkje. No er bekymringane mine av typen eg ikkje trudde eg kom til å tenke på på minst 8 år. Er det eigentleg bekymringar? Frykt, kanskje? Eg blir jo redd når eg tenkjer på det.

Eg skal innrømme at eg er sjeleglad for mine hobbyar; pusling og fargelegging. Ein skulle tru at eg hadde mykje tid til å tenkje og bekymre meg då, men eg trur eg slår av hjernen på ein måte. Å kunne sette seg ned ved puslebordet og boltre seg på mosaikkpuslespelet eg har liggjande av verdskartet, eller finne fram ei bok og velge blant dei sikkert 200 fargeblyantane og tusjane mine, og berre forsvinna i ein anna verd.

Trur eg er tilbake no.

God ettermiddag.

I skrivande stund er det laurdag, klokka er straks halv tre. Eg har vore vaken sidan 11 og forbanna meg over at det helg og smertene har bestemt seg for å slå inn som verst. No sit eg ved puslebordet. Har pusla litt, men det er eit krevjande puslespel, så eg treng pausar. Så, eg fann ut at eg kanskje skulle skriva litt. Eg er livredd for at eg skal skrive for personleg, men så veit eg ikkje kva anna eg skal skrive om, enn meg sjølv. Eller, eg kan jo alltids skriva om flyktningar og krig. Om IS og Al-Qaida. Men heilt ærleg så får me nok av det. Eg seier ikkje at me skal lukke augo og late som det ikkje hender, for det går ikkje an. Men eg vil ikkje vera atter ein person som gjer deg dårleg samvit fordi du ikkje opnar døra di og inviterer framande inn, framande som for alt du veit kan vera ein lege eller ein IS-terrorist. Men det var jo dette eg ikkje skulle skriva om.

Eg kan skriva litt om korleis livet mitt er no. Eg jobbar for tida som dagmamma og skal gjere det i seks veker til. Eg trivst veldig, og det har gått veldig bra så langt. Hovudet taklar det. Eller det vil seia at eg held smerten i sjakk på ein eller annan måte, og når eg får fri eksploderar det. Og eg er glad for at eg er i form når M er her, men det er veldig vondt å ikkje vera i form til å gjera kjekke ting i helgene.

No går eg tilbake til 2008 og 2009. Då var min skrivelyst på topp og eg kunne skriva side opp og side ned om ting som interesserte meg, ting eg hata eller ting som eg trudde folk ville lesa om. Eg trudde eg var langt nede i livet og at alt var dritt. At ting eigentleg ikkje kunne verta verre. Eg låg ein del på sjukehus, hang etter på skulen og gjorde mykje dumt. I ettertid av sånne hendinger seier ofte folk at dei ikkje ville vore foruten det som skjedde. At dei har lært og vakse av det. Eg har jammen aldri høyrt meir drittsnakk enn det. Du ville ikkje ha vore foruten tap av hukommelse, vener og livet du hadde, sånn generelt? Eg skal vera heilt ærleg å sei at om eg aldri hadde hatt hjartestans, så hadde eg nok hatt eit meir gjevande liv enn eg har no. For eg hadde ambisjonar og planar. Eg var flink. Greitt nok, eg hadde nok ikkje hatt dei personane i livet som eg har no. Men, eg kan ikkje unngå å tenke på korleis livet mitt hadde vore no, om eg aldri hadde vorte sjuk. Skal me sjå..

  • Skulle starta i 10.klasse då eg vart sjuk.
  • Hadde planar om å starte på medie og kommunikasjon i Bergen etter endt ungdomsskule.
  • Karakterane var gode og eg var gjennomsnittleg skuleflink.
  • Kanskje eg faktisk hadde flytta til Bergen, gått tre år på videregåande der.
  • Kanskje starta på ei journalistikkutdanning(ganske ironisk at eg skriv dette, i og med at eg har gått på journalistikk på fhs og funnet ut at det ikkje var noko for meg, men pytt sann.)
  • Fullført utdanninga og fått meg jobb.
  • Kjøpt meg hus.
  • Ja, rett og slett blitt bergensar.

Og skal me sjå kor eg er no.

  • Ikkje fullført videregåande.
  • Jobbar som dagmamma for augenblikket fordi butikkjobb passar ikkje med helsa mi for tida.
  • Kjøpt hus med mannen i mitt liv.

Altså. Skal ikkje kome her å sei at livet mitt hadde vore så mykje betre om eg hadde hatt ei utdanning og budd i Bergen. Men det er berre tanken på det. Tanken på å ha mista sjangsen. For eg har verkeleg prøvd å fullføra videregåande, men etter eg gjekk på folkehøgskule har eg jo funnet ut at journalist ikkje er det eg vil bli. Så uansett om eg hadde fullført videregåande, hadde eg ikkje ant kor eg skulle gått vidare der ifrå.

Kan de skjøna at hovudet mitt er på veg til å sprenga? Alt eg tenkjer på er kanskje, kva om, kvifor ikkje, kvifor, korleis.

Kanskje eg ikkje bør leva lengre, kva om eg berre hadde forsvunnet frå denne verda, kvifor ikkje, kvifor gidd eg, korleis skal eg greia dette meir?

Nei, det var tull. Eg er ikkje suicidal. Det er heller sånn: kanskje eg må handla, kjøleskapet er tomt. Kva om eg legg meg klokka ni idag. Kvifor ikkje. Kvifor skal eg få bestemma over meg sjølv? Eg er ikkje i stand til det. Eg lagar brownies til kvelds. Det er ikkje sånn vaksne gjer. Korleis skal eg vaske golvet på best mogleg måte sånn at det ikkje vert striper på golvet?

Ja, eg er ganske dårleg fysisk. Men psykisk er eg kun litt på kjøret.