Ting ordnar seg.

Kven skulle tru at alt ordna seg til slutt?

I fjor på denne tida var eg sjukemeld på tredje månaden, og eg såg ikkje særs lyst på livet. Eg var heldigvis ikkje så langt nede at det var vanskeleg å kome seg opp att, men eg følte meg ikkje bra. Eg hadde eit par jobbar eg ikkje trivst i, og som gjorde det ekstra vanskeleg å reisa på jobb.

Så plutseleg var eg i Nav sine hender, og dei ordna opp for meg. No har eg akkurat fått lærekandidatplass i ein barnehage, og eg trivst som berre juling. Eg har nettopp starta, og jobbar halvt, og hentar meg inn resten av tida. Eg er så himla glad for å vera i arbeid. For å vera blant andre vaksne mennesker og ha eit normalt liv. Eg skulle sjølvsagt ynskje at eg kunne klart ein 100% jobb og hatt ei god inntekt, men akkurat no er eg nøgd med å få jobba.

Altså, eg veit at det ikkje er nokon som les dette, men eg må berre få det ned, for eg er litt glad.

 

 

Advertisements