Hurray

Sjukehusopphaldet vart kort denne gong, då dei sendte meg heim fordi dei ante ikkje kva det kunne vera. Heldigvis har eg hjertestarter, så eg er ikkje så bekymra for å døy. Men eg er framleis (som eg har vore dei seks siste åra), redd for å havne på sjukehus, og bli liggande ei god stund. Det slapp eg denne gongen. Så no skal eg berre nyte sommaren heima, og håpe på at smertene faktisk avtar om ei stund. Hurra for å ikkje døy!

Advertisements

Ja, då var eg her igjen. 

Men forhåpentligvis kjem eg snart attende. Det tek nok ikkje lang tid før eg blir sendt heim frå sjukehus. Eg vonar det vert i ettermiddag. 

  • Havna sjølvsagt ikkje på einerom. 
  • Ho vedsiden av er veldig grei og roleg. 
  • Ho på skrått trudde ho skulle heim halv elleve i går og kledde på seg og var klar til å gå. 
  • Idag la ho seg feil veg i senga. 
  • Ho rett ovenfor meg er veldig blid og fornøgd.
  • Eg blei sendt her i går for å ta ultralyd av hjarta. 
  • Blei sendt på hjartepost 2, og her ligg eg. 
  • Fått på meg blå bukse, så no ser det ut til at eg høyrer til her. 
  • Ventar framleis på ultralyd, og sjukepleiaren sa det skulle skje mellom ni og tolv. 

Ting ordnar seg.

Kven skulle tru at alt ordna seg til slutt?

I fjor på denne tida var eg sjukemeld på tredje månaden, og eg såg ikkje særs lyst på livet. Eg var heldigvis ikkje så langt nede at det var vanskeleg å kome seg opp att, men eg følte meg ikkje bra. Eg hadde eit par jobbar eg ikkje trivst i, og som gjorde det ekstra vanskeleg å reisa på jobb.

Så plutseleg var eg i Nav sine hender, og dei ordna opp for meg. No har eg akkurat fått lærekandidatplass i ein barnehage, og eg trivst som berre juling. Eg har nettopp starta, og jobbar halvt, og hentar meg inn resten av tida. Eg er så himla glad for å vera i arbeid. For å vera blant andre vaksne mennesker og ha eit normalt liv. Eg skulle sjølvsagt ynskje at eg kunne klart ein 100% jobb og hatt ei god inntekt, men akkurat no er eg nøgd med å få jobba.

Altså, eg veit at det ikkje er nokon som les dette, men eg må berre få det ned, for eg er litt glad.

 

 

Vaksne tankar.

Som sekstenåring hadde eg ikkje mange bekymringar. Eg hadde ikkje tankar som kverna rundt i hovudet dagen lang. Eg tenkte helst på at eg håpte eg slapp på sjukehus att og korleis eg skulle få tak i pengar til øl. Dét var det liksom. Greitt nok, den tanken om sjukehuset ligg framleis og murrar, men det trur eg den alltid kjem til å gjera. Men øl-kjøleskapet er fullt.

No er det vaksne bekymringar. Eller eg føler meg ikkje så vaksen når eg tenkjer på dei, men eg slapp dei ihvertfall då eg var seksten. Eg kan ikkje hugsa at eg var blant dei som berre ikkje kunne venta med å bli ferdig på skulen og koma seg vekk frå bygda. Bli vaksen og få seg utdanning og jobb. Altså, det har jo vore draumen. Men eg trur ikkje eg var blant dei som hadde dette som største ønske. Men, igjen, eg hugsar ikkje kva eg ville då eg var i tenårene mine. Ikkje at eg er så gamal at eg har blitt gløymsk, eg hugsar berre ikkje. No er bekymringane mine av typen eg ikkje trudde eg kom til å tenke på på minst 8 år. Er det eigentleg bekymringar? Frykt, kanskje? Eg blir jo redd når eg tenkjer på det.

Eg skal innrømme at eg er sjeleglad for mine hobbyar; pusling og fargelegging. Ein skulle tru at eg hadde mykje tid til å tenkje og bekymre meg då, men eg trur eg slår av hjernen på ein måte. Å kunne sette seg ned ved puslebordet og boltre seg på mosaikkpuslespelet eg har liggjande av verdskartet, eller finne fram ei bok og velge blant dei sikkert 200 fargeblyantane og tusjane mine, og berre forsvinna i ein anna verd.

Trur eg er tilbake no.

God ettermiddag.

I skrivande stund er det laurdag, klokka er straks halv tre. Eg har vore vaken sidan 11 og forbanna meg over at det helg og smertene har bestemt seg for å slå inn som verst. No sit eg ved puslebordet. Har pusla litt, men det er eit krevjande puslespel, så eg treng pausar. Så, eg fann ut at eg kanskje skulle skriva litt. Eg er livredd for at eg skal skrive for personleg, men så veit eg ikkje kva anna eg skal skrive om, enn meg sjølv. Eller, eg kan jo alltids skriva om flyktningar og krig. Om IS og Al-Qaida. Men heilt ærleg så får me nok av det. Eg seier ikkje at me skal lukke augo og late som det ikkje hender, for det går ikkje an. Men eg vil ikkje vera atter ein person som gjer deg dårleg samvit fordi du ikkje opnar døra di og inviterer framande inn, framande som for alt du veit kan vera ein lege eller ein IS-terrorist. Men det var jo dette eg ikkje skulle skriva om.

Eg kan skriva litt om korleis livet mitt er no. Eg jobbar for tida som dagmamma og skal gjere det i seks veker til. Eg trivst veldig, og det har gått veldig bra så langt. Hovudet taklar det. Eller det vil seia at eg held smerten i sjakk på ein eller annan måte, og når eg får fri eksploderar det. Og eg er glad for at eg er i form når M er her, men det er veldig vondt å ikkje vera i form til å gjera kjekke ting i helgene.

No går eg tilbake til 2008 og 2009. Då var min skrivelyst på topp og eg kunne skriva side opp og side ned om ting som interesserte meg, ting eg hata eller ting som eg trudde folk ville lesa om. Eg trudde eg var langt nede i livet og at alt var dritt. At ting eigentleg ikkje kunne verta verre. Eg låg ein del på sjukehus, hang etter på skulen og gjorde mykje dumt. I ettertid av sånne hendinger seier ofte folk at dei ikkje ville vore foruten det som skjedde. At dei har lært og vakse av det. Eg har jammen aldri høyrt meir drittsnakk enn det. Du ville ikkje ha vore foruten tap av hukommelse, vener og livet du hadde, sånn generelt? Eg skal vera heilt ærleg å sei at om eg aldri hadde hatt hjartestans, så hadde eg nok hatt eit meir gjevande liv enn eg har no. For eg hadde ambisjonar og planar. Eg var flink. Greitt nok, eg hadde nok ikkje hatt dei personane i livet som eg har no. Men, eg kan ikkje unngå å tenke på korleis livet mitt hadde vore no, om eg aldri hadde vorte sjuk. Skal me sjå..

  • Skulle starta i 10.klasse då eg vart sjuk.
  • Hadde planar om å starte på medie og kommunikasjon i Bergen etter endt ungdomsskule.
  • Karakterane var gode og eg var gjennomsnittleg skuleflink.
  • Kanskje eg faktisk hadde flytta til Bergen, gått tre år på videregåande der.
  • Kanskje starta på ei journalistikkutdanning(ganske ironisk at eg skriv dette, i og med at eg har gått på journalistikk på fhs og funnet ut at det ikkje var noko for meg, men pytt sann.)
  • Fullført utdanninga og fått meg jobb.
  • Kjøpt meg hus.
  • Ja, rett og slett blitt bergensar.

Og skal me sjå kor eg er no.

  • Ikkje fullført videregåande.
  • Jobbar som dagmamma for augenblikket fordi butikkjobb passar ikkje med helsa mi for tida.
  • Kjøpt hus med mannen i mitt liv.

Altså. Skal ikkje kome her å sei at livet mitt hadde vore så mykje betre om eg hadde hatt ei utdanning og budd i Bergen. Men det er berre tanken på det. Tanken på å ha mista sjangsen. For eg har verkeleg prøvd å fullføra videregåande, men etter eg gjekk på folkehøgskule har eg jo funnet ut at journalist ikkje er det eg vil bli. Så uansett om eg hadde fullført videregåande, hadde eg ikkje ant kor eg skulle gått vidare der ifrå.

Kan de skjøna at hovudet mitt er på veg til å sprenga? Alt eg tenkjer på er kanskje, kva om, kvifor ikkje, kvifor, korleis.

Kanskje eg ikkje bør leva lengre, kva om eg berre hadde forsvunnet frå denne verda, kvifor ikkje, kvifor gidd eg, korleis skal eg greia dette meir?

Nei, det var tull. Eg er ikkje suicidal. Det er heller sånn: kanskje eg må handla, kjøleskapet er tomt. Kva om eg legg meg klokka ni idag. Kvifor ikkje. Kvifor skal eg få bestemma over meg sjølv? Eg er ikkje i stand til det. Eg lagar brownies til kvelds. Det er ikkje sånn vaksne gjer. Korleis skal eg vaske golvet på best mogleg måte sånn at det ikkje vert striper på golvet?

Ja, eg er ganske dårleg fysisk. Men psykisk er eg kun litt på kjøret.

30.juli 2008

«Etter kvart våkna du litt, men klarte ikkje å snakka, men du høyrde og forstod oss. Ca 1730 kom Solveig og Daniel, og du klarte etterkvart å snakka, men det var vanskeleg å forstå. Du var sikkert litt kvalm, og spydde eit par, tre gonger. Men me merka at du vart meir og meir deg sjølv. Lo litt, song litt, banna og krangla. Endeleg var me sikre på at du ikkje hadde fått noken alvorlige hjerneskader.» 

Fann ei notisbok som mammo og pappen skreiv i dei fyrste vekene eg låg på sjukehus. Veldig rart å lesa det no, fem og eit halvt år etterpå det skjedde.

No skal eg prøve og bli betre kjent med meg sjølv. Takk til Mariell http://hjartesmil.com/

ville det vore greitt for deg å snakka om kor mykje du tjenar med vennene dine?
altså, det ville det. men eg gjer eigentleg ikkje det. me er vel ikkje på eit stadie der me gjer sånn.

er du meir lykkeleg når du brukar eller sparar pengar?
når eg sparar. trur eg er meir lukkeleg fordi då veit eg at eg snart kan kjøpa noko eg har villa hatt lenge.

er du motvillig til å introdusera folk frå forskjellige område i livet ditt for kvarandre?
litt, kanskje. fordi eg er på ein måte forskjelllege personar når eg er med ulike vener. rart, eigentleg. men eg trur det hadde gått bra, sjølv om det er ein aldersforskjel på dei alle.

om du kunne eigd eitt kunstverk, kva skulle det vore?
eit bilete av audrey hepburn, utan tvil.

korleis har foreldrene dine påverka korleis du velger partnerar?
veit ikkje om dei har påverka meg så veldig på det område. men litt påverka har eg kanskje blitt.

på kva måtar er du ein vanskeleg person å vera i eit forhold med?
eg er lat, veldig lat. og eg har så masse vondt, så eg er masse heime og syns synd på meg sjølv. og så er eg sta.

kan utroskap vera akseptabelt?
nei.

når kasta du hovudet seinast bakover i latter?
trur faktisk det var når eg såg morgan og ola-conny i usa. Det er så ufatteleg morosamt.

korleis er du den same personen du var som barn?
lika sta og ein person som vil ha alt eg ser på butikken når eg handlar.

er det noko du angrar på at du ikkje har gjort fordi du var redd?
ja. angrar på at eg ikkje har snakka med fleire folk. eg likar eigentleg ikkje folk, liksom. men eg trur eg hadde hatt godt av å kjenne fleire folk og ha fleire samtalar.

har du nokon gong hatt ei religiøs oppleving?
nei, aldri.

har du teknikkar for å halda deg rolig?
nei. kanskje eg skal ta opp att skriving, for det funka før. men no er det berre kaos og stress inni hovudet mitt heile tida.

skulle du villa tru på gud?
nei. eg er ikkje religiøs og eg konfirmerte meg borgerleg. eg er glad eg ikkje har kristen slekt som preppar på meg gudeprat.

kven er din største fan?
trur ikkje eg har nokon fans.

er du der du ville vera på dette punktet i livet ditt?
ikkje faen. om eg ser tilbake fem og eit halvt år hadde eg eg planar om å reise til bergen etter ungdomsskulen og studere noko innan media. det skjedde ikkje. eg blei sjuk og planane og draumane forsvann.

når kjenner du deg einsam?
når livet er vanskeleg. når eg har vondt, når eg ikkje får til noko og ingen kan hjelpa. til dømes, når eg fekk epilepsianfall sist. far min var der, men allikavel kjente eg meg einsam. ingen var i samme situasjon følte eg og ingenting gjekk bra.

kva er ei enkel glede for deg?
når eg er inni ein god periode med puslinga.

når grein du seinast av smerte eller noko trist?
når eg låg åleina i sofaen og hadde vondt i hovudet.

kven er den beste sjefen du nokon gong har hatt?
ingen sjefar er gode.

er du meir tiltrekt av eit nomadisk eller eit satt liv?
eg må ha ein heim.

om du måtte bu ein annan stad, kvar skulle det vore?
kanskje australia.

har du nokon gong vore på reise åleine?
jadå. men ikkje utanfor noregs grenser.

kva stressar deg mest?
som mariell skreiv, kollektivtransport. eg tek på alarm for å vakne på rett stopp på toget. eg er livredd for å havne på feil stopp.

er du eit konkurransemenneske?
før konkurransar er eg ikkje det. men når eg er midt i og det er veldig jevnt blir eg eit konkurransemenneske.

er du god på å sei unnskyld?
nei. fy fader kor dårleg eg er til å sei det.