Eg har vondt i hovudet. Eg har vondt i kneet. Eg har epilepsi. Eg har vondt i hjarta om eg får feil medisin. Eg går på masse piller. Mange fungerar ikkje som eg vil. Eg klagar mykje, men det hadde dei aller fleste gjort. Tenk å ha ein fin dag då.

Eg hadde betalt mykje for eit par timar utan hovudverk. Å ha ei treningsøkt utan at eg sit og grin fordi hovudet dunkar så hardt. Eg hadde gjort mykje for å få epilepsi-medisin som virkar som den skal. At den skal la meg gå på fjelltur utan rykningar i beina. Lar meg pusla utan at bitane flyr vegg i mellom.

Det snør, så regnar det, så vert det minus, og då vert det is. Det er vinter i global forandring. Trist, men samstundes spanande, om ein tenkjer 10 år fram i tid på ungane då, om dei nokon gong kjem til å laga ein snømann som står og stirrar inn på deg gjennom kjøkenvindauga

Sidan eg har fått meg nettbrett tenkte eg å starte opp att med blogginga. Eg har sakna det å skrive til mennesker eg ikkje veit kven er. Mennesker eg kjenner, men ikkje akkurat kven dei er. Mennesker som les for å ha noko å prate om, eller tenkje på. Eg kjem kun til å skrive sånn piss som ingen likar å lese om, men gjer det likevel.

image

Sånn ser eg ut. Framleis finare enn deg.

Det snør, så regnar det, så vert det minus, og då vert det is. Det er vinter i global forandring. Trist, men samstundes spanande, om ein tenkjer 10 år fram i tid på ungane då, om dei nokon gong kjem til å laga ein snømann som står og stirrar inn på deg gjennom kjøkenvindauga.

sveltestreikande

Blogg om livet, sa http://www.helenaskaare.blogg.no.

Livet. Mitt liv. Det eg gjer om dagane. Kva eg syntes om livet. Kva eg tenkjer. Det eg følar. Faen. De kan få veta overfladiske ting som at eg har starta å trena. Eg har fått litt musklar, men er framleis svak som eit helvete. Ting som at skulen er snart ferdig. Det er det einaste overfladiske eg har å kome med. Skal eg grave djupare og dela mine djupaste tankar, vert det for dumt. Ingen vil veta kor dårleg kjærast eg er. Kor dårleg eg er til å vera i eit forhold. Til å forhalda meg til andre personar. Til éin spesiell person. Eg kunne fortalt om kor dårleg samvit eg har heila tida. Heila forbanna tida. For omtrent alt eg gjer og seier. Faen, skulle ynskje eg var eit sånt menneske som ikkje gjorde ting elle sa ting som eg får dårleg samvit for. Jævla dritt.

Men hallo, eg kan jo fortella om kor fine og fantastiske vener eg har. Sjølv om fleire av mine beste vener er russ dei neste vekene, noko som vil seia at eg blir sitjande å sjå på at dei har det moro og kosar seg gløgg i hjel. Det blir ganske surt. Eg er fattig i tillegg, så den piercingen som eg hadde planar om å ta, blir nok lagt på hylla. Einaste eg gjer er å trena. Å, det er så kjekt. Elskar det. Det er ikkje mykje eller mange eg elskar, men trening er min store kjærleik. Verkeleg.

Men no legg eg meg. I morgon tidleg skal eg fiske med syster mi, så skal eg trena. Forresten, søt jenta som er redd ein hund. (bilete: helena skåre)

Om dykk skulle lure:

1. kor gamal er du om fem år?
nesten 24 år.

2. kven var du minst to timar rundt i dag?
Hanne og Vårin blant anna.

3. kor lang er du?
kjempelang.

4. kva var den forrige filmen du såg?
It´s complicated.

5. kven ringte du sist?
ringte Vårin for å sei at det var kvelds.

6. kven ringte deg sist?
Hanne.

7. kva stod på den forrige sms’en du fekk?
ein evig lang ein frå Slottsfjell.

8. føretrekk du å ringa eller senda sms?
SMS utan tvil. Hatar å ringa.

9. er dine foreldre gifte eller skilte?
skilt

10. når såg du mamman din sist?
på torsdag, trur eg det var.

11. kva farge har du på augene?
fine og grøne

12. når våkna du i dag?
rundt halv tolv

13. kva er din favorittjulesang?
Himmel på jord – Kurt Nilsen og Kringkastingsorkestret.

14. kva er din favorittplass?
på altanen heima under anten sola eller den styrste stjernehimmelen nokon gong

15. kva plass likar du minst?

16. kvar trur du at du er om ti år?
om ti år er eg nesten 29 år, og då håpar eg at eg er utdanna og sånn med kjærast og bur i ein fin leilegheit i ein eller annan søt by.

17. kva skremte deg mest om natta som liten?
eg hugsar då for faen ikkje barndomen min.

18. kva fekk deg til å le hardt seinast?
under kveldsmaten i går med søte jenter frå folkehøgskulen der me lo av hendingar på fjorårstreffet.

19. kor stor er senga di?
akkurat stor nok til meg vassrett og loddrett. nesten ihvertfall.

20. har du stasjonær eller bærbar datamaskin?
eg har ein hp skulepc og ein hp privat.

21. søv du med eller utan klede?
utan.

22. kor mange puter søv du med i senga?
eit par store og nokre små trur eg det er.

23. kor mange land har du budd i?
éitt.

24. kvar har du budd?
Øystese.

25. likar du sko, sokkar eller berrføtt?
sko og sokkar kvar dag, unntatt om sumaren der eg går barføtt.

26. er du sosial?
nei.

27. kva er din favorittis?
vanilje med masse sjokolade. eller berre sjokolade.

28. kva er din favorittdessert?
sjokoladepudding med vaniljesaus

29. likar du kinamat?
nei.

30. likar du kaffe?
nei, fy faen.

31. kva drikk du til frukost?
mjølk eller appelsinjuice

32. søv du på nokon spesiell måte?
i skjei med min kjære, eller trykt ned i madrassa åleina.

33. kan du spela poker?
ikkje faen.

34. likar du å kosa?
eigentleg ikkje.

35. er du eit avhengighetsmenneske?
mine nære vil nok seia ja, men nei.

36. kjenner du nokon med samme bursdag som deg?
ja, det er meg og svigermor det.

37. vil du ha born?
ja, det trur eg. kanskje.

38. kan du nokon andre språk enn norsk?
engelsk, og pittelitt spansk om eg legg godviljen til.

39. har du nokon gong vore i ein ambulanse?
ja. etter altanen er det min favorittplass å vera. både i bil og i helikopter. elskar det sjukt.

40. føretrekk du havet eller eit basseng?
hav og hav. badar helst i fjord.

41. kva brukar du helst pengar på?
alkohol og konsertar.

42. eig du dyre smykker?
nei.

43. kva er ditt favorittprogram på tv?
oi. eg er såpeserie-jenta, så eg ser på hotel cæsar. og home and away, criminal minds, modern family, black books var gøy så lenge det varte, peep show, frustrerte fruer, my family, the big bang theory.

44. kan du rulla med tunga?
lett.

45. kven er den morsommaste personen du kjenner?
kanskje min kjære, han har sine augonblikk liksom.

46. søv du med kosedyr?
nei.

47. kva har du som ringelyd?
den som kom på automatisk på htcen min då eg kjøpte den. bryr meg ikkje.

48. har du klesplagg frå du var liten?
har ikkje peiling på kva som ligg på boden. men sikkert ikkje.

49. kva har du nærast deg no som er raudt?
sit på eit knall raudt laken i senga til Hanne.

50. flørtar du mykje?
kanskje litt for lite.

51. kan du bytta olje på bilen?
nei.

52. har du fått ei fartsbot nokon gong?
nei, har ikkje lappen. men eg har sete på.

53. kva var den forrige boka du leste?
held på med Liverpoolhjerter.

54. leser du avisa?
dei fleste nettaviser og lokalavisa.

55. abonnerer du på noko magasin?
nei, har ikkje råd.

56. dansar du i bilen?
nei.

57. kva for radiostasjon høyrte du på seinast?
p3

58. kva var det siste du skreiv ned på eit papir?
det hugsar eg ikkje. men det minte meg på at eg må skrive brev til brevvenninna mi.

59. når var du i kyrkja sist?
begravelse til naboen min for eit par månadar sidan.

60. er du lykkelig?
det trur eg.